Tenk klima, kjøp norske varer!

 

Av Frida Soltveit Gabrielli  Nestleiar Hordaland Senterungdom

og Chase Alexander Jordal

 

«Tenk globalt, handl lokalt» er eit gamalt slagord frå klimabevegelsen som aldri har vore like aktuelt som det er no. Koronakrisen har vist oss kor sårbar verdshandelen er og korleis ein aldri heilt og halde må gjera seg avhengig av andre for å brødfø vår eiga befolkning. I krisetider er det ikkje gitt at matleveransane kjem fram, då er det statens plikt å vera forberedt for å kunne sikra tilgangen på mat for landets borgarar.

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum har nylig lansert ein «erkenorsk nasjonal påskedugnad» der han ber landets forbrukarar forbruka norsk mat, norske industrivarer og norsk musikk i påsken, i solidaritet med landets små bedrifter som no lir under koronakrisa. Koronakrisa har vist oss både kor sårbare ein er, men også kor viktig det er å handle lokalt. Jo fleire varer ein klarar å produsere her heima i Noreg, jo færre utslepp blir det av å transportera varer hit. Kvart år bidreg den globale transporten av matvarer til enorme klimautslepp frå både båt og fly. Deler av denne transporten er sjølvsagt nødvendig, fordi det ikkje er alle varer og produkt som land sjølv klarar å produsere. Dei varene land har moglegheit til å produsere sjølv derimot, burde ein føle ei moralsk plikt til å sjølvforsyna seg med. På den måten sparar ein klima for enorme og helt unødvendige utslepp.

Det er ikkje berre pandemiar som kan truge verdas matproduksjon. Naturen har vorte mindre samarbeidsvillig dei siste åra. Ein ser uventa naturkatastrofar som rammar Noreg- og andre land sin matproduksjon. Krigar og konfliktar som oppstår, kan også føre til ein brå avslutta handel gjennom t.d. handelsboikott som vil redusera tilgangen på matvarer. Om ein ikkje er forberedt, kan det fort føra til matmangel i landet. Det vil me helst gjera så mykje som mogleg for å unngå. Tiltak eit land kan gjera for å forhindra ein slik situasjon er å byggja matlager og auka sjølvforsyningsgraden. Tiltak du der heima kan gjera for klima er eta lokalprodusert, og ikkje minst – eta opp maten din. Ein kan ikkje stola på at andre land skal forsyna oss når uventa situasjonar skjer.

Kanskje me må ta med oss Vedum si oppmoding også etter påsken er over?  Slik kan me i framtida tenke globalt ved å handla lokale varer – både av omsyn til norske bedrifter og dei globale klimautfordringane.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

Website Built with WordPress.com.

Up ↑

%d bloggers like this: